Gå til sidens hovedinnhold

Stenger restauranten etter smitte

Det siste smittetilfelle i kommunen omfattar ein tilsett ved Peppes Pizza på Husnes.

Restauranten har dermed valt å stenga ned heile drifta ein periode.

Kvinnherad kommune oppmodar dei som har vore innom Peppes Pizza på Husnes laurdag mellom klokka 12 og 17 om å vera ekstra merksame, samt testa seg dersom dei kjenner symptom.

– Kommuneoverlegen oppmodar sterkt alle innbyggjarar, særskilt ungdom, om å vera ekstra påpasselege med nasjonale reglar og råd, står det vidare.

Peppes skriv at dei håpar å opna opp igjen i løpet av neste veke.

Det har ikkje lukkast Kvinnheringen å koma i kontakt med dagleg leiar, Karoline Johnsen, torsdag morgon for ein kommentar.

Les også

Nytt smittetilfelle torsdag

Kommentarer til denne saken