Stenger Stord sjukehus for besøkande

Bakgrunnen er den lokale smittesituasjonen i Stord kommune.

DEL

Leiinga i Helse Fonna har søndag vedteke å stenga Stord sjukehus for besøkande inntil vidare. Dette gjeld frå og med i dag, skriv helseføretaket i ei pressemelding.

Bakgrunnen er den lokale smittesituasjonen i Stord kommune.

– Talet på smitta i Stord har vore sterkt aukande siste veka, og dette har ført til restriksjonar også i nabokommunar. Blant anna har Bømlo kommune innført mellombels besøksforbod på Bømlo bu- og helsesenter, etter at ein elev som hadde praksis her før helga fekk påvist Covid 19. Dette har ført til at fleire pasientar og tilsette ved aldersheimen er i karantene, skriv Helse Fonna i pressemeldinga.

Både Stord kommune og Bømlo kommune gjekk fredag ut og oppmoda innbyggjarane om å halde seg mest mogeleg heime på fritida, men førebels er det ikkje innført restriksjonar når det gjeld planlagde arrangement, kan vi lesa.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken