I ei pressemelding står det at Uskedal bru skal vera stengd mellom klokka 22 på kvelden og klokka 06 på morgonen frå førstkommande søndag 29. august til og med fredag morgon 3. september i neste veke.
Årsaka er vedlikehaldsarbeid på brua, skriv Melake Gebremichael som er byggjeleiar for bruvedlikehald i fylkeskommunen.
Det blir omkøyringsveg via Kjerlandssido og Sandavegen medan brua er stengd, og det blir sett opp skilt der vegen blir stengd for tungtrafikken.

Les også