MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Me i Kvinnherad Arbeidarparti går til val på slagordet sterkare fellesskap. Ein føresetnad for å få eit sterkare fellesskap er at alle er inkludert i fellesskapet. Alle menneske har ressursar og evner som dei ønsker å få brukt og som samfunnet kan dra nytte av. Når eit menneske ikkje får brukt dei ressursane og evnene det har og ikkje får delta i fellesskapet kjenner han eller ho på utanforskap. Dette kan føre til både psykiske og somatiske helseplager.
Det viktigaste for å bygge sterkare fellesskap og forhindre utanforskap er arbeid. Difor er Kvinnherad Arbeidarpart oppteken av jobb til alle. Me vil at ei heiltidsstilling skal vere normalen, deltidsstilling skal vere ei moglegheit når det er naudsynt av helsemessige eller andre årsaker. Alle menneske skal få brukt den arbeidsevna dei har. Ei lønn å leve av er svært viktig for folk og ein føresetnad for at folk skal få oppfylt draumane sine.
Me har mista svært viktige arbeidsplassar dei siste ti åra, og stadig fleire menneske tar høgare utdanning. Me treng fleire kompetansearbeidsplassar. Det vil difor vere eit fokus for Kvinnherad Arbeidarpartiet i komande kommunestyreperiode å jobbe for at det kan bli skapt fleire arbeidsplassar i kommunen og få statlege arbeidsplassar til Kvinnherad kommune.
Kvinnherad Arbeidarparti er også oppteken av at dei som tek fagutdanning skal få fullført utdanninga si og få seg ein jobb etterpå. Me treng fagfolk i framtida. Partiet vil difor jobbe for at kommunen skal ha to lærlingar per 1000 innbyggarar innan mellom anna helsefag, barne og ungdomsarbeid, IKT og kokk.
Bruk stemmeretten! Godt val!
Lise Rørvik