Ei jul med tøff kreftbehandling stel ikkje håpet for Karoline: – Neste år skal eg tilbake til livet!

Karoline Haakonsen (30) og mange med henne går ei annleis julehøgtid i møte. Kvar veke dreg ho frå dottera Jenny (4), ektemann og besteforeldra til Jenny – for å få livsviktig kreftbehandling. Heile hausten har ho visst at denne jula ville bli annleis, og har gjort det ho kan for å bevara lyset og håpet i førjulstida. Ho ville skapa ei god jul for seg sjølv og familien. Samstundes vil den skilja seg ut som ei annleis og tøff tid.

– I år starta vi jula tidleg. Vi nytta dei gode dagane til å ha juleverkstad, handla gåver og sjå julefilmane i november. Julebaksten gjorde vi unna for fleire veker sidan, fortel ho.

– Eg forsøker å minna meg sjølv om at vi kan ha det hyggjeleg sjølv om vi er i ein situasjon vi helst skulle vore forutan. Og hugsa på at det kjem ei jul neste år òg.

Karoline sitt håp er at ho sakte men sikkert skal ta livet tilbake. At ho kan stå opp om morgonen og følgja dottera i barnehagen utan å bli heilt utkøyrt. At ho skal orka dagar med leik og moro, konsertar og standup-show.

– I 2023, då skal eg tilbake til livet! Og eg har planlagt mange feiringar allereie!

Mistar du håpet, så mistar du alt. I Kreftforeningen jobbar vi for håpet som Karoline formidlar så fint. Vi ser det kvar einaste dag på norske kreftavdelingar: Legar og sjukepleiarar tek i bruk kunnskap frå 250 år med kreftforsking som gir håp om eit liv etter kreften. Takka vere forskinga overlever tre av fire menneske kreft i dag. Pasientgrupper vi tidlegare ikkje hadde behandling til, har no eit håp om å kunne leva lenge.

Dette håpet blir i desse dagar hengt opp på norske sjukehus og sjukeheimar: Håp i form av ei stjerne – som er gjeven av folk frå heile landet som har støtta Kreftforeningen sin stjerneaksjon. Stjerna har to oppgåver: Å gi håp og glede til dei som må tilbringa jula på sjukehus, og bidra til kreftforsking slik at fleire kan koma heim til jul, nyttår og alle andre dagar i året.

Håpet er at stjerna skal gi små glimt av lys i ei mørk tid. Ei fredeleg juletid utan bekymring kan vera ei utfordring for nokon og einkvar. Kanskje gjer vi alle klokt i å gjera som Karoline; sjå etter små glimt av glede i staden?

Fire år gamle Jenny vil hugsa ei førjulstid der ho og mamma bakte julekaker, laga julepynt og kosa seg med julefilmane. Ho har fått ekstra mykje jul i år, fordi dei starta førebuingane så tidleg. Den tanken er fin å ta med seg når Karoline pendlar mellom familien og sjukehuset midt i julestria. Ho kjenner seg takksam for det ho har her og no, trass alt.

Kanskje er dette noko vi alle kan ønskja – og særleg dei som går ei vanskeleg jul i møte: Små glimt av glede. Varmen frå eit barnebarn på fanget. Håp i form av ei gylden julestjerne.

Alt dette kan vi pakka inn i helsinga «God jul». I to små ord ligg det mykje håp. Ikkje minst for dei vi veit får ei jul heilt utanom det vanlege.

Geir Vangsnes

Fistriktsleiar Kreftforeningen Vestland