Sesongen på Halsnøy kloster startar tradisjonen tru til påske, og nærare bestemt i helga, på palmesøndag 2. april.
Då blir det vernissage på utstillinga «PINE». I over tre år har Marvin Halleraker arbeidd med nattfotografering av dei heilt spesielle furutrea i Mælen og Herand i Hardanger. Han har også med 30 små koldnål-trykk av dei same trea, står det i pressemeldinga frå klosteret.
Med seg til opninga har han jodlar, strupesongar, visesongar og komponist Bjørn Tomren, som opptrer under opninga, og forfatter Frode Grytten, som vil lesa tekster han har skrive til bileta til Halleraker. Utstillingsopninga er gratis.
«I eit eige arrangement etter opninga vert det ein kunstnar-samtale mellom Marvin Halleraker og tidlegare NRK-journalist, musikar og forfattar Halvor Folgerø. Her kan du få høyra meir om Halleraker sitt kunstnariske virke», står det i pressemeldinga. Til dette arrangementet må ein kjøpa billett, og det er begrensa plassar.
Om kunstnaren bak utstillinga kan vi lesa dette frå pressemeldinga:
«Marvin Halleraker (fødd 28. november 1962 i Stavanger) er ein norsk bildekunstnar, illustratør og musikar som bur i Bergen. Han er rekna som ein av Nordens fremste avisteiknarar. I 2012 debuterte han med musikkalbumet «There's Another Green».
Marvin Halleraker er utdanna ved Bergen Kunsthøgskole (BKHS) der han studerte frå 1981 til 1985. Halleraker har levert kommentarteikningar, portrett og anna til Bergens Tidende der han var tilsett frå 1990. Som frilansar leverer han no faste, vekentlege teikningar for BT, Morgenbladet, Vårt Land og Klassekampen. Han har også illustrert fleire bøker og debuterte som forfattar med si eiga bildedbok «Høyt over husene» i 2007, som også er utgitt i Irland, Tyskland og Danmark.
Teiknestilen er kjenneteikna av ein sikker og ledig blyantstrek, jamne fargeflater i dempa fargeskala og eit grafisk uttrykk. Han bearbeidar frihandsteikningane sine ved hjelp av digitale teikneprogram, blant anna Photoshop. Motiva er ofte enkle og visuelt poengterte».
Helen Petersen opplyser elles at det blir ope på Halsnøy kloster i påsken òg, frå tysdag 4. april til søndag 9. april, med opne utstillingar, enkel kafé, kulturløyperebus med meir.