I Kvinnherad finn ein spor av ei rik historie knytt til støling. Steinmurar i fjellet, minne av sel og stølsliv, møter ein når ein vandrar i fjellet på gamle vegar og stiar. Nokre av dei gamle stølane har vorte restaurerte og vølt til turhytter, kor ein no kan kvila og natta over, på turar i marka og i fjella. Ein meiner det har vore over 200 stølar og setrar i Kvinnerad.

Livet på stølar, i dalane og fjella før i tida, var strevsamt og hardt. Men det var òg ei kjærkomen sommartid og eit avbrot, særleg for kvinnene. Med venninner og kjente på stølen var det liv og leik og prat i seine sommarkveldar. Mange har gode minne og kjenner til historier frå livet på stølane.

Ingeleiv Klette, Anne Lise Nygård og Kirsten Skåla fortel frå stølslivet og om kor viktig det er å fortelja vidare. Kåre Skåla har vore med som gutunge på stølen, og har elles mykje å fortelja om seterdrifta. Kåre Haugse har registrert stølane i Kvinnherad. Han og Jarle Røstbø tek oss med til Dyrindo, og fortel om stølen som er restaurert til dagsturhytte.

Stølane var einviktig del av gardslivet og landbruksnæringa i kommunen vår. Vi får høyra om Midtsetre i Melsdalen og Kjeldestøl i Skåladalen, og vi får høyra om Dyrrindo i Bergsdalen, oppunder Ulvanosi. No vil fleire og fleire turglade leggja turen til stølar og buer, og høyre historia om desse. Friluftslivet i dag vert ein måte å formidla desse kulturminna og historiene vidare på.

Filmen om stølar i Kvinnherad er den andre filmen om kulturminne i Kvinnherad. Denne filmen er produsert av Merethe Offerdal Tveit. Musikk blir spelt av Kari Eide, og det er Karin Thauland som lokkar.

Filmen er meint som ein inspirasjon for arbeidet med kulturminne og plan for desse i Kvinnherad, og som eit eksempel på korleis nokon fører kulturarven vår vidare. Ta gjerne kontakt med kommunen, og bli med på arbeidet med dennekommunedelplanen. Alle kan delta. Sjå og informasjon på kommunen si heimeside om gjestebod og månadens kulturminne. Kontaktpersonar er Anita Lykkja og Kjartan Thoresen.

Her finn du heile filmen.