Stølsdag på Kjeldestøl

Flott turmål: Frå ei av samlingane som har vore på Kjeldestøl. pressefoto

Flott turmål: Frå ei av samlingane som har vore på Kjeldestøl. pressefoto

Søndag 28. juni er det klart for den fjerde stølsdagen på Kjeldestøl. I år har arrangøren gleda av å opna Kristiansselet og utedassen.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Det er Kjeldestøl venelag som pressemelder dette.

Fram til utskiftinga i 1951 stod det sju sel på Kjeldestøl. Etter den tid vart berre Siriselet bevart, medan Jensaselet vart ståande til forfall og dei fem andre tekne ned. Kjeldestøl venelag og grunneigar Atle Skåla er no godt i gang med å setja stølen i stand att.

Bjørkesselet var det fyrste som vart sett opp, ferdig i 2011. Året etter framstod eit restaurert Jensasel i all si prakt, og i fjor vart Monsaselet og ei skykkje opna på stølsdagen.

– At vi allereie i år har eit nytt sel ferdig, er vi svært glade for. Men det hadde ikkje vore mogleg utan hovudsnikkar Lars Ove Seglem sin formidable innsats. Han har lagt ned eit stort tal timar med selet, og alt er utført på dugnad, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Kristiansselet skil seg litt ut frå dei andre sela då det har eit framsel. Bygget er tilnærma identisk med selet som stod på staden fram til 1951. Restaureringa har for det meste føregått i ei løe på Seglem. Råbygget vart frakta til støls med Norsafe sitt helikopter i midten av mai.

I mils omkrins

Også utedassen fekk ei luftig reise med helikopter til Kjeldestøl. Her er det Terje Hellingsrud som har vore snikkar.

– Han har sett saman ein av dei flottaste utedassane i mils omkrins. Så vidt vi veit var det ikkje noko skikkeleg toalett på Kjeldestøl før i tida, men sidan alle sela (med unnatak av det private Siriselet) står opne for fri bruk, tykkjer vi eit tilbod for nødvendige ærend er på sin plass, opplyser venelaget.

Dyr og musikk

Utanom to offisielle opningar, inneheld programmet for stølsdagen musikk, leiker, dyr, og sal av mat, drikke og heimelaga trestavar. Arrangøren vonar vêret vert like bra som i fjor, då heile 220 personar tok turen opp.

– Alle er hjarteleg velkomne til ei triveleg stund i fjellsida. For dei som ynskjer vert det sett opp biltransport frå bommen på Bjørke. Frå der stien byrjar er det ein knapp halvtime å gå opp til sjølve stølen, informerer Kjeldestøl venelag