Fredag kveld rundt klokka 22.30 fekk Hovudredningssentralen melding om at ein ung gut under tenåringsalder var sakna. Han hadde gått ut i ein småbåt, og kom ikkje tilbake som avtalt.

– Vi køyrde på med ein god del ressursar i leiteaksjonen, med luftambulanse frå Bergen, redningshelikopter frå Sola, ambulansebåt, politibåt og brannbåt. Guten blei funnen rundt ein time seinare, fordi folk på land hadde høyrd han ropa om hjelp frå sjøen. Det står generelt bra til med guten, og han er no på veg tilbake til sine foreldre, seier Oddgeir Andersen ved Hovudredningssentralen.

Omtrent i same tidsrom føregjekk ein leiteaksjon i Husnes-området, etter ei eldre kvinne. Denne aksjonen føregår framleis, etter det Kvinnheringen kjenner til.