Det melder Knut Sellevold i Rosendalstiftinga i etterkant av prosjektet.
Rosendalstiftinga tok som kjent initiativet til ein foto-dugnad for å dokumentera kunst etter Lul Krag som er i privat eige i Kvinnherad. Gjennom førhandsomtale og annonser vart publikum oppmoda til å kontakta stitftinga om dei eigde bilete. Til prosjektet hadde ein hyra den profesjonelle fotografen Øyvind Hjelmen frå Stord for å sikra høg kvalitet, og oppslutninga vart langt over det ein hadde trudd på førehand, skriv Sellevold.
– No er til saman 167 bilete av Lul Krag fotografert. 144 av desse var i privat eige og 23 hang i offentlege bygg i Kvinnherad. Dette er truleg den største dokumentasjon av hennar kunst som har vore til no. Mange har sagt at det var på høg tid å få dette gjort. Vi registrerer at mykje kunst er hamna utanfor kommunen grunna arv, skriv Sellevold.
Rosendalstiftinga er svært takksam for alle som på ulikt vis har bidrege til dette resultatet. Stiftinga vil koma tilbake til korleis ein vil gjera dette tilgjengeleg for eit større publikum, skriv Sellevold avslutningsvis.
Kunstnaren Lul Krag var fødd i Kongsberg i 1878, og flytta til Rosendal i 1933. Her blei ho buande i meir enn tjue år, og ho er i ettertid mest kjend for nettopp dei mange landskapsmotiva sine herifrå. Lul Krag var elev av mellom andre Harriet Backer og Christian Krogh.
