Gå til sidens hovedinnhold

Stord lufthamn må kansellera flygingar og permittera

Artikkelen er over 1 år gammel

Som Kvinnheringen skreiv tidlegare, måtte Stord lufthamn kansellera alle flyavgangar mellom Stord og Oslo. No er perioden forlenga, til 26. april, står dei i ei pressemelding frå flyplassen.

Kundar blir oppmoda om å ta kontakt viss dei ønskjer ombooking, og viss dei heller ønskjer tilgodelapp, kan dei kontakta DAT via kundeservice.

Som ein følgje av virusutbrotet, vil tilsette på Stord Lufthamn bli permittert frå og med i morgon, tysdag 31. mars.

Men i dag, måndag, er dei klare til å hjelpa kundar fram til klokka 15.

Les også

250 nye arbeidssøkjande: – Det kan henda vi må til med ein slags dugnad for klara dette

Kommentarer til denne saken