«Så lenge me går saman vil fridomen til å vera den ein er, alltid vinna over kreftene som hevdar noko anna»

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

Av
DEL

MEININGARFørstkommande laurdag blir Storapride arrangert på Leirvik, der også kvinnheringar skal delta.

I år er det 50 år sidan skeive på utestaden Stonewall i New York tok til motmæle mot trakassering og uakseptabel åtferd. Sidan den gong har det vorte mange og viktige Pride-tog rundt omkring i verda, kor kjærleik, mangfald og fridom feiras. Men sjølv om det er 50 år sidan Stonewall, står verdiane og kampen framleis sentralt når fridom og kjærleik løftast fram under Storapride.

Frå heile verda får me nyhende om grusame hendingar, forfølging, fengsling og trakassering. Det viser at retten til å elska den ein vil ikkje er så sjølvsagt som den burde vera. Altfor mange opplever diskriminering og at dei ikkje vert fullt ut anerkjende og aksepterte, på bakgrunn av kjønn, etnisitet og seksuell orientering eller funksjonsnivå. Me må stå opp for rettigheita til å elska kven ein vil.

Skal me oppnå fridom for kvar einskild, må me ta ansvar for kvarandre. Norge er eit av verdas beste land å bu i for LHBTIQ-personar, og det skal me vera stolte av. Stolt, men aldri tilfreds. Ja, me har kome langt og me har vunne viktige kampar. Opphevinga av forbodet mot homofile handlingar i 1972, partnerskapslova i 1993, og felles ekteskapslov i 2008 er nokre av mange sentrale milepælar. Men dei viktigaste kampane er alltid dei me endå ikkje har vunne. Derfor vil regjeringa sørgja for at Norge går framfor internasjonalt for å fremja rettigheiter for seksuelle minoritetar, og i mai arrangerte me IDAHOT-forum 2019, som er Europa sitt viktigaste LHBTIQ-arrangement.

I fjor var det fem engasjerte ungdommar som drog i gang Storapride for første gong. Dei ante ikkje kor mange som ville møta opp og blei nok overraska då 4.000 ville feira kjærleiken. Det seier noko om engasjementet på Stord og i Sunnhordland. Det er rørande og inspirerande.

Verda rundt kjempar liberale for retten til å elska den dei vil, uavhengig av nasjonalitet, religion eller kultur. Den retten er det verd å kjempa for. Så lenge me går saman vil fridomen til å vera den ein er, alltid vinna over kreftene som hevdar noko anna. Lukke til med Storapride – de har ein stolt kultur- og likestillingsminister i ryggen – og eg håpar gatene blir fylt med folk som går for fridomen til å elska den ein vil, i år igjen. Venstre kjem, og me oppmodar alle om å møta opp!

Ordførarkandidat Stord Venstre, Geir Angeltveit (V),
og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags