Gå til sidens hovedinnhold

Storkoste seg på friluftsskule i Omvikdalen – sjå bildeserie!

Førre veke blei det arrangert friluftsskule i Kvinnherad i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og Friluftsrådenes landsforbund (FL). 24 born og ungdom i alderen 9-13 år frå heile kommunen deltok, og hadde knallkjekke dagar. Campen hadde base i Vikjo i Omvikdalen, og aktivitetane borna kunne vera med på var leikar, fiske, kano- og kajakkpadling, bading, matlaging, tilbereding av fisk, tur til Åsen, lagarbeid, vatn og grønnsåpe-sklie, ballspel og overnatting med meir. Fem lokale unge var leiarar for campen: Kristine Holmedal, Kristian Steinsvik, Kristine Tveit, Solveig Haugland og Veslemøy Haugland. Solveig Haugland var hovudleiar for campen. Det kom i tillegg ein kajakk-instruktør frå Bergen på torsdagen. I denne kjekke bildeserien kan du sjå litt av det dei fann på. Alle bilda er tekne av campleiarane.