Norsk Topphåndball har tatt ut månadens lag i Rema 1000-ligaen for februar. På kvinnelaget er det éin spelar som er å finna på laget for andre gong denne sesongen, medan dei seks andre er nykomarar.
Blant dei Storhamar sin høgrekant, Tina Abdulla.
«Med 13 mål på 18 skot og to assist, er plassen som månadens høgrekant sikra for Tina Abdulla», skriv Norsk Topphåndball.
Hurtigtoget frå Husnes kan visa til ein utteljingsprosent på 72,22 i februar. Ho er tatt ut på laget saman med Amanda Kurtovic (Larvik), Kristiane Knutsen (Sola), Maja Muri (Ravens), Maja Furu Sætren (Larvik) og lagvenninnene Kristin Venn og Eli Marie Raasok.

Les også