I ei pressemelding åtvarer Kvinnherad kommune om at det no er mykje smitte i landet vårt og i nabokommunane våre. Derfor gjennomførte kommuneoverlegen og beredskapsgruppa onsdag eit ekstraordinært møte saman med politiet og rektor på Kvinnherad vidaregåande skule, og i dag (torsdag) har dei hatt møte med Statsforvaltaren.

– Beredskapsgruppa førebur saman med politiet ei lokal forskrift for Kvinnherad, men inntil vidare følgjer kommunen dei nasjonale råda. Det er meldt inn mange nærkontaktar av smittetilfelle av den britiske varianten, og vi er såleis bekymra for at smitten kjem hit til Kvinnherad. Vi er nøydde til å stålsetja oss, og vi ber dykk alle om å tenkja på smittevern i alt de gjer, skriv kommunen i pressemeldinga.

Kommunen minnar igjen om at innbyggjarane må passa på følgjande:

– Hald avstand – helst to meter. Bruk munnbind der slik avstand ikkje er mogleg

– Unngå unødig ferdsel og sosial omgang

– Hugs på god hand- og hostehygiene

– Unngå reiser til, og besøk frå, stadar med høgt smittetrykk som Viken og Haugalandet

– Unngå påskeferie på hytta med andre enn eigen husstand