Gå til sidens hovedinnhold

Støtta Sleipner-markering med 25.000 kroner

Artikkelen er over 1 år gammel

Formannskapet løyvde torsdag halvparten av den summen støttegruppa hadde søkt om.

I samband med at det 26. november var 20 år sidan Sleipner grunnstøtte ved Store Bloksa, og 16 personar mista livet, har støttegruppa arrangert ein samankomst ved minnesmerket på Ryvarden, med talar, song, mat og samtalar.

«Ved 15-årsmarkeringa møtte over 100 personar fram, noko som visar stort behov for å samlast og dela tankar og kjensler. Mange overlevande, etterlatne og redningsmannskap er merka for livet av hendingane dei blei utsette for, og har stort behov for å føla at ulukka ikkje er gløymt. Vi ber dykk om å støtte oss med 50.000 kroner til dekning av mat, leige av lokale og så bortover», står det i søknaden kommunen har fått.

Les også

– Det var en kveld som forandret livene til så mange

Formannskapet meinte det var greitt å støtta markeringa litt, sidan fleire kvinnheringar vart råka av forliset. Støttegruppa fekk derfor 25.000 kroner til å bruka til markeringa.

Les også

Då «Sleipner» forliste, kjempa Sigbjørn i mørket mot dei svære bølgene i det iskalde havet i nesten ein time.

Les også

Randi sin 17 år gamle veslebror kom aldri heim frå turen til Stavanger

Kommentarer til denne saken