NM-gull til Hjortland

Her er Ane Guro heime på Hatlestrand i fjor sommar.

Her er Ane Guro heime på Hatlestrand i fjor sommar.

DEL

Ane Guro Hjortland og makker Victoria Faye Kjølberg tok i dag gull NM i sandvolleyball.

Ane Guro Hjortland frå Hatlestrand imponerte stort saman med Victoria Faye Kjølberg i dagens finale i NM i sandvolleyball. I ein spanande finale stod det 1–1 før det siste avgjerande settet. I siste settet var Hjortland og Kjølberg i føringa heile vegen, men forspranget vart ete opp mot slutten, før Hjortland & co fekk matchball på stillinga 14–13. Her vart hatlestrendingen avgjerande og blokka inn 15–13.

Hjortland og Kjølberg var overlukkelege etter finalen, og sa dei var svært nøgde med finaleoppgjeret.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags