«Ungdomane skal leva vidare med problema vår generasjon skapar»

Av
DEL

MEININGAR:Kommentar til Trygve Fonn sitt innlegg under «dagens ris» i Kvinnheringen onsdag 29. mai. Trygve Fonn har heldigvis rett til å meina og gje uttrykk for det han vil, men det han skriv i avisa på onsdag, kan ikkje stå uimotsagt.

Han er irritert over skuleungdomane som streikar for klimaet. Eg forstår dei svært godt. Når me ser på åtvaringane som vitskapsmenn kjem med dersom gjennomsnittstemperaturen i verda stig med berre 1 1/2 grad, så bør me alle tenkja oss godt om. Me veit at havnivået er på veg opp, og veit kva det vil bety for store byar og landområde. Eg er ikkje imponert over det politikarane våre gjer for å motverka dette. Det er heller ikkje dei ungdomane som streikar i protest mot politikararar, som ikkje gjer nok. Det er dei som skal leva vidare med problema vår generasjon skapar, etter at eg og du, Trygve Fonn, er borte.

Sjølv har eg arbeid innan oljeindustrien i ca. 25 år, men forstår likevel at ungdommen protesterer. Det gjer også det selskapet eg arbeidde for, og satsar no milliardar på alternative energiformer som t.d. solenergi og havvindmøller. Me må bort frå olje og anna fossilt brennstoff, og me må finna andre energiformer. Det er politikarane som her må staka ut vegen. Sjølvsagt vil dette ta tid. Ungdomane synes det tar for lang tid. Eg forstår dei. Det utrulege er at me har politikarar i dag som tvilar på om forureininga er menneskeskapt.

Eg er sjølvsagt samd med Fonn i «kast og bruk»-mentaliteten, men er dette ei sak for skulane å rydda opp i? Eg meiner det fyrst og fremst er foreldra som her burde ta eit tak. Vanleg folkeskikk er, etter mi meining, ei sak for foreldra.

Håkon Grønstøl

Artikkeltags