Gå til sidens hovedinnhold

Borna er igjen velkomne til barnehagen på Valen

Artikkelen er over 4 år gammel

Konflikten er løyst, og  Akasia Valen barnehage opnar dørene igjen klokka ti i dag, tysdag. Tvungen mekling førte i helga fram til løysing som partane er fornøgde med. Fagforeiningane skriv i ei felles pressemelding at dei er glade for å ha fått gjennomslag for hovudkravet for ny pensjonsordning: «Ei ytingsordning som er lik for kvinner og menn, og som varer livet ut og er føreseieleg».

Ordninga skal vera tilsvarande den dei tilsette mista då Akasia Barnehage AS overtok drifta i fjor. Det nye eigarselskapet innførte i staden for ei innskotsordning som organisasjonane ikkje har akseptert. Resultatet av meklinga inkluderer ein valfridom som inneber at dei som ønskjer det framleis kan stå i denne innskotsordninga.

Rettssakene trekte

Partane er også einige om å trekkja sakene som etter planen skulle opp i Arbeidsretten og Tingretten til hausten. Desse sakene galdt spørsmålet om arbeidsgjevarorganisasjonen og Akasia Barhehage hadde lov til å endra pensjonsordninga på den måten det vart gjort. Ettersom dei tilsette har fått gjennomslag for krava sine no, blir rettssakene trekte.

Begge partane i konflikten seier seg glade for løysinga.

Kommentarer til denne saken