Strenge avgrensingar på alle legemiddel i Noreg

Av

Det er no berre lov å ta med seg éin pakke av kvart reseptfrie legemiddel frå apoteket. Det er òg strenge avgrensingar på reseptmedisinar for å unngå hamstring.

DEL


– No må vi vere solidariske og unngå hamstringa. Det kan vere at nokon får eit alvorleg problem medan andre sit og har altfor mykje medisin som dei ikkje treng ein gong, seier direktør Audun Hågå i Legemiddelverket til NTB.

Dei siste dagane har det tikka inn meldingar om at Legemiddelverket innfører rasjonering på legemiddel etter legemiddel for å unngå at det skal gå tomt.

– Det er rett og slett hamstring som skaper mangelsituasjonar. Vi hadde ein runde med problem med insulin laurdag, og vi har hatt problem med astmamedisin. I begge desse tilfella oppstod problemet fordi alle sprang og skulle handle, seier Hågå.

Generell rasjonering

For å unngå at det går tomt, har Legemiddelverket fått heimel frå departementet til å rasjonere utleveringa av legemiddel frå apoteka.

– Vi har innført avgrensa utlevering på alle reseptar. Det vil seie at folk berre får hente ut tre månaders normalt forbruk på resepten sin. Denne regelen har alltid vore der for blåreseptar, men no blir det handheva ekstra nøye for alle typar reseptar, seier direktøren.

Men også for alle reseptfrie legemiddel som står ute i apoteka, er det innført rasjonering. Det er no berre lov å ta med seg éin pakke om gongen av desse.

– Vi må sørgje for at det blir legemiddel nok i hyllene sånn at alle som treng det, kan få dei.

Strengt

For enkelte medisinar er det innført strengare rasjonering. Dette gjeld mellom anna paracetamol, der koronaviruset har ført til produksjonsproblem.

– Rasjoneringa gjeld for dei som hentar paracetamol på kvit resept. Då får du berre hente ut 100 tablettar av gongen. Ved kjøp av reseptfri paracetamol i butikk eller apotek er det som vanleg avgrensing på éin pakke per kunde, seier Hågå.

Når det gjeld diabetesmedisin og insulin kan apoteka no berre levere ut medisinar for inntil eit månads forbruk. Det er òg innført særskilde avgrensingar på malariamedisin og betennelsesdempande (prenisolon).

– Rykte om koronaeffekt

Det er òg rasjonering på Plaquenil, som blir brukt til behandling av revmatisme og som malariamedisin.

«Legemiddelverket har fått melding om hamstring av Plaquenil. Dette skyldes trolig at det går rykter om at denne medisinen kan brukes mot Covid-19. Plaquenil er forsket på i mange studier mot Covid-19. Foreløpige resultater viser at det er svært usikkert om denne medisinen virker mot koronaviruset», skreiv Legemiddelverket då rasjoneringa vart innført måndag.

Tysdag melde Folkehelseinstituttet at dei berre har eit avgrensa lager igjen av vaksinen Pneumovax mot lungebetennelse. Det har allereie komme fleire meldingar om apotek som er utselt for vaksinen, og no skal berre dei med aller høgast sjukdomsrisiko prioriterast i utleveringa av desse medisinane.

Legemiddelverkets direktør håpar at problema med hamstring vil dempe seg dei neste dagane.

– Vi følgjer nøye med på kva som skjer framover, seier Hågå.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags