Strenge korona-tiltak i Fjelberg Kraftlag

Fjelberg Kraftlag sitt hovudkvarter på Bjoaneset. (Arkivfoto).

Fjelberg Kraftlag sitt hovudkvarter på Bjoaneset. (Arkivfoto).

DEL

Fjelberg Kraftlag AS har innført ei rekkje beredskapstiltak for å sikra straum under korona-krisa. Dette fortel kraftlaget om i ei pressemelding torsdag ettermiddag:

«Kraftforsyning og elektroniske kommunikasjonstenester er blant dei 15 funksjonane det nasjonale beredskapsutvalet vurderer som kritiske for samfunnet. Fjelberg Kraftlag AS har ansvar for straumforsyninga i områda Halsnøy, Borgundøy, Fjelbergøy, Handeland og Valen i Kvinnherad kommune.

Som eit lite kraftlag blir alle tilsette rekna som kritisk personell. Friske medarbeidarar er ein føresetnad for å kunna sikra straum som samfunnskritisk infrastruktur til helseinstitusjonar, privatheimar og bedrifter.

For å redusera smittefaren overfor tilsette og kundar, har kraftlaget stengt kontoret på Bjoaneset for besøkjande inntil vidare. Dei tilsette jobbar både frå Bjoaneset og frå heimekontor og er tilgjengelege via telefon eller e-post.

Driftsoppgåver har prioritet og ikkje-kritisk arbeid er innstilt, som eltilsyn hos privatpersonar og vedlikehaldsoppgåver».

Vidare skriv kraftlaget at det er i tett dialog og samarbeid med Haugaland Kraft, og følgjer dei same tiltaka og restriksjonane som storebroren på Haugalandet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags