Gjentar suksessen med «Strikkpådalen»

«Strikkpådalen» blei arrangert for første gong i fjor, og trekte mange strikkeglade kvinnheringar, men også damer frå Odda, Ulvik, Stord og Tysnes. Her under inspirasjonsføredraget til Turid Uldal om fargar i kunst og kultur. I år blir «Strikkpådalen» arrangert 15. og 16. februar. (Arkivfoto).

«Strikkpådalen» blei arrangert for første gong i fjor, og trekte mange strikkeglade kvinnheringar, men også damer frå Odda, Ulvik, Stord og Tysnes. Her under inspirasjonsføredraget til Turid Uldal om fargar i kunst og kultur. I år blir «Strikkpådalen» arrangert 15. og 16. februar. (Arkivfoto).

Omvikdalen bygdekvinnelag arrangerer ei ny helg med strikke-tema 15. og 16. februar.

DEL

I februar i fjor såg «Strikkpådalen» dagens lys. Det blei så vellukka at dei driftige damene i Omvikdalen bygdekvinnelag vel å arrangera det igjen, men denne gongen over to dagar og i ulike lokale.

Fredag 15. februar blir det strikkekveld på Rosendal Turisthotell saman med Rosendal Bokhandel og damene bak boka «Knit Happens». Siri Saltnes Haaland og Anette Lyngstad held til på Avaldsnes i Karmøy Kommune. Siri eig og driv butikken Nøsteliten, medan Anette jobbar som pedagogisk leiar i barnehage. Sistnemnde har alltid strikketøyet med seg i veska, og saman gav dei ut sitt første hefte med oppskrifter i 2017. Boka «Knit Happens» kom i fjor. På strikkekvelden blir det signering av bøker og fingermat.

Laurdag 16. februar er det i ungdomshuset Dalheim det skjer. Der blir det kafé, kurs og føredrag frå morgonen av. Annemor Sundbø skal ha utstilling med gamle sokkar og halda føredraget «Norsk strikkemønstersymbolikk». Kristin Holte held føredrag om «frå kritkroting til kofter». Også i år kjem damene frå garnbutikken «Ein blå tråd», og denne gongen skal dei halda kurs i redesign/lapping. Elisa Helland-Hansen hadde Instagram-kurs i fjor, og kjem tilbake i år for å læra deg korleis du kan bruka Instagram-kontoen din til å presentera og nå ut med det du lagar. Det blir også basar denne dagen.

Artikkeltags