Samla mange strikkeinteresserte

POPULÆR: Annemor Sundbø sitt foredrag om «Norsk strikkemønstersymbolikk» samla full festsal i Dalheim.

POPULÆR: Annemor Sundbø sitt foredrag om «Norsk strikkemønstersymbolikk» samla full festsal i Dalheim.

«Strikk på dalen» laurdag samla totalt rundt 90 betalande deltakarar i Dalheim i Omvikdalen.

DEL

Med utstillarar og dugnadsfolk var det totalt litt over 120 i Dalheim. Kvinnheringen var innom då strikkeguru Annemor Sundbø trollbatt ein fullsett hovudsal med foredrag om «Norsk strikkemønstersymbolikk». Dei som trudde at stjerner, lus og andre mønster-element i kofter og genserar er tilfeldig samanraska, må tru om igjen. Og strikkar du inn eitt av dine eigne hår i eit plagg, kan du skaffa deg makt over vedkomande.

– Prøv og sjå kva som skjer, oppmoda Sundbø.

Ho fortalde òg om alfa og omega-symbolikken i Selbu-mønsteret, og mykje, mykje anna i løpet av vel ein time.

Marianne Hovda Gausvik i arrangementstaben kunne opplysa at Sundbø har fått kongeleg fortenestemedalje for innsatsen innan husflidtradisjonar.

– Store delar av publikum her i dag kjem langvegsfrå for å høyra på Sundbø, opplyste Gausvik.

Kvinnheringen var også innom «Ein blå tråd» sitt kurs i lapping og gjenbruk av ullkle. Barbro Hesjedal, Annette Furuberg og Gerd-Laura Bondhus delte villig vekk av tips og triks, og viste til både miljø og økonomi som gode grunnar for å reparera.

– Og så er det ei eiga glede i det å reparera kle, i staden for å hiva, erklærte trioen.

KURS: Blant kurstilboda var «Ein blå tråd» sitt kurs i redesign og reparasjon. Her der det Barbro Hesjedal som gir tips om korleis ein kan reparera strikkalubber.

KURS: Blant kurstilboda var «Ein blå tråd» sitt kurs i redesign og reparasjon. Her der det Barbro Hesjedal som gir tips om korleis ein kan reparera strikkalubber.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags