Strupebandet kan ikkje feira 40-årsjubileum på grunn av korona-pandemien, men ei flott jubileumsbok blir plaster på såret

I år skulle Strupebandet feira 40 årsjubileum med konsert og ein heidundrande fest. Pandemien har dessverre sett ein stoppar for dét, men no lanserer det populære Halsnøy-koret eit flott bokverk om dei suksessrike 40 åra som har gått sidan Strupebandet blei skipa.