Strupebandet klare for nye konsertar

Strupebandet: Her frå ein konsert i Halsnøy kulturhus i sommar. (Arkivfoto).

Strupebandet: Her frå ein konsert i Halsnøy kulturhus i sommar. (Arkivfoto).

Av

Andre helga i advent, 6.–8. desember, inviterer Strupebandet endå ein gong til førjulskonsertar på Halsnøy og i Rosendal.

DEL

I samband med konsertane har koret sendt ut denne pressemeldinga:

«Eit barn er født» er tittelen på programmet, og julebodskapen er sentral i ein stor del av programmet. Mellom anna framfører koret ein sats frå ei argentinsk julekantate.

Tradisjonen tru blir det også andre songar som i klang og uttrykk høver på ein konsert oppunder jul, nokre gospelinnslag og elles julemusikk til glade rytmar.

Gjennom åra har mange solistar fått komma fram i lag med koret. I tillegg til våre faste – Frøydis Sjo og Kristin Isdal Eide – har vi stadig ein del nye med, denne gongen Torgeir Rusten, Kjell Rune Asmervik, Ingeborg Grønseth og Thor Ivar Hellesøy.

Koret sitt faste orkester er sjølvsagt med: Hallgeir Tvedten (piano), Roy Faste Særsten (bass) og Audun Tvedten (saksofon). I tillegg er gjestemusikarane Remi Sjo (slagverk) og Gjermund Fredheim (gitar) med. Desse har vore med på koret sine konsertar siste åra og har lagt sitt eminente preg på det heile.

Ingeborg Kvamme har også i år hatt ansvaret for scenografi rundt konsertane, og dirigent er Kari Aalvik Tarberg.

Koret ønskjer publikum god førjulsstemning desse kveldane!


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags