Strupebandet trekte fullt hus i Riddersalen òg

POPULÆRE: Totalt hadde Strupebandet 639 tilhøyrarar i løpet av helga. Bildet er frå konserten i Halsnøy kulturhus fredag kveld, og det er Frøydis Sjo som er i aksjon som solist i forgrunnen.

POPULÆRE: Totalt hadde Strupebandet 639 tilhøyrarar i løpet av helga. Bildet er frå konserten i Halsnøy kulturhus fredag kveld, og det er Frøydis Sjo som er i aksjon som solist i forgrunnen.

DEL

Som kjent var Strupebandet i aksjon tre stader i helga. Først på Sæbøvik fredag kveld der det vart fullt hus (190 personar) i Halsnøy kulturhus. Laurdag bar det til kulturhuset på Stord der 79 personar fekk med seg «Kings & Queens»-programmet til Halsnøy-koret.

Søndag var det klart for konsert i Riddersalen i Rosendal, og der strøymde folk til heilt til det var fullt.

– Vi måtte fjerna nokre stolrader for å få nok plass til kor og orkester, men det enda med heilt fullt hus med 370 tilhøyrarar. Då var både galleriet og benkene lang sidene fulle, fortel leiar for Strupebandet, Arne Hauge.

Han er naturleg nok strålande nøgd med to fulle hus i Kvinnherad og Strupeband-debut i Riddersalen.

– Det var veldig kjekt og vi vart veldig godt mottekne av Baroniet Rosendal som varta oss opp med lunsj.

Hauge fortel elles at scenograf Ingeborg Kvamme gjorde ein ekstra vri i Riddersalen.

– Der er det ein del bildeskjermar langs veggene, og der vart det vist flotte bilde, mellom anna av dei handfletta krunene som Kvamme hadde laga og som var ein del scenografien på scene.

Hauge vil elles rosa dirigent Kari Aalvik Tarberg som vågar å utfordra koret med krevjande songar.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags