Vegard (42) er fulltidsstudent ved studiesenteret på Husnes og har allereie fått jobb

Av

Vegard Almestad (42) jobbar mot ein bachelorgrad i rekneskap og økonomirådgjeving. Sidan han byrja med studia i 2017, har han også fullført eit årsstudium i organisasjon og leiing, og vil såleis vera godt rusta til å jobba innanfor administrasjon – slik han ønskjer.