Stuntpoeten Arne Torget rører Facebook med korona-dikt
Arne Torget rører mange med diktet han har skrive om den tida vi er inne i no.
Han kan det der med å setja ord på ting, Arne Torget, og no har han gjort det igjen. Eit dikt han har laga om tida vi er inne i, blir delt av svært mange på Facebook, og mange skriv til han at dei blir rørte og finn trøyst i desse orda. Kvinnheringen har fått lov til å publisera det her:
Han kjem den dagen
Han kjem den dagen då alt er forbi
Og vi kan gå ut å sleppa våre kjensler fri.
Han kjem den dagen for jente og gut
Der vi frie som fuglen kan springa ut.
Han kjem den dagen, kor herlig det blir
Der butikkane har kjøttdeig og dopapir.
Han kjem den dagen utan karantene
Med opne restaurantar og folk på ein scene.
Han kjem den dagen som ikkje er så streng
Der vi får den nærhet vi fortjene og treng.
Han kjem den dagen utan angst og slit
Utan 1 meters avstand og vasking med sprit.
Det kjem ei kjensle av beste slag
Då Kongen kan sei, vi stod han av i lag.
Der Kongen kan sei med glede og von
Vi stod han av i lag, vi vann som nasjon.
Han kjem den dagen, om vi saman i lag
Held fram med dugnaden kvar einaste dag.
Han kjem den dagen, berre vent å sjå
Tusen takk til alle, som jobbar og står på!
Takk til alle som står på alt dei klare
I helse, omsorg, politikk, skule og dagligvare.
Takk til alle som er med og knyter band
Og held liv i urnorsk dugnadsand.
Han kjem den dagen der vi skal reisa oss på ny
Og få livet i gjenge i bygd og by.
Han kjem den dagen, så fint på ei fjøl
- ein dag i det året vi vart kjent med oss sjøl.
Arne Torget
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!
Kommentarer til denne saken