Denne datoen opnar Caroline og Harald dørene i gjestgiveriet

OPNAR: Caroline og Harald ved Hardanger Fjord Lodge har stått på for å få gjestgjevarstaden i Sundal klar til sommarsesongen i år, 130 år etter at hotellet vart reist.

OPNAR: Caroline og Harald ved Hardanger Fjord Lodge har stått på for å få gjestgjevarstaden i Sundal klar til sommarsesongen i år, 130 år etter at hotellet vart reist.

Caroline og Harald har allereie hatt overnattingar og konfirmasjonar. Første juni opnar Hardanger Fjord Lodge dørene for sesongen.

DEL

Sambuarparet Caroline Steine (31) og Harald Andreassen (31) tok over den historiske gjestgjevarstaden i Sundal i midten av desember i fjor. Frå fyrste stund var planen å nå turistsesongen i år, 130 år etter at hotellet vart reist i 1889. No, etter nokre intense månadar med oppussing, byrjar Hardanger Fjord Lodge å ta den forma vertskapet har sett for seg.

– Vi har tatt vare på det gamle, og forsøkt å tilføra noko nytt. Det skal vera historie i veggane med notidas goder, seier Caroline.

Dei første overnattingsgjestene har allereie sove på hundre prosent naturlege madrassar og 41 gjester feira konfirmasjon her i mai, men det er 1. juni at den ordinære drifta tek til. Allereie no er bookingane i ferd med å renna inn. Ti vanlege rom og eitt familierom vil gje plass til 25 overnattingsgjester. I sommar vil det også gå an å overnatta i seglskuta «Frøya» som skal liggja til kai i Sundal.

Servering

Hardanger Fjord Lodge satsar sterkt på berekraft i alle ledd. Dette vil også visa att i maten dei serverer, som vil ha eit stort innslag av lokale råvarer i vegetariske rettar. Kvar dag lagar dei dagens middag og dessert, etter kva råvarer som er tilgjengelege. I tillegg til vegetariske rettar kan derfor både hjort, sjøkreps og aure lett hamna på menyen i Sundal.

– Det er ikkje slik at du må bu her for å eta middag hos oss, vi har veldig lyst at også folk frå Kvinnherad og kommunane rundt kjem til oss, fastslår Caroline, som fortel at ein også kan komma innom for å kosa seg med mjølkekaker og kaffi.

– Vi er takksame dersom folk som ynskjer middag bestiller på førehand. Det er jo eit stykke for oss å dra til butikken, smiler den nyslåtte pensjonatinnehavaren.

DETALJ: Denne artige kopien av «Brudeferden» fulgte med på kjøpet av huset og vart førre veke hengt opp i andrehøgda.

DETALJ: Denne artige kopien av «Brudeferden» fulgte med på kjøpet av huset og vart førre veke hengt opp i andrehøgda.

Artikkeltags