Fekk inn 80.000 til fleirbruksbane

Emilie Andersen Prestøy (t.v.) og Liv Mikkelsen kjøpte mange kjekke leiker for ein billig penge.

Emilie Andersen Prestøy (t.v.) og Liv Mikkelsen kjøpte mange kjekke leiker for ein billig penge.

Artikkelen er over 4 år gammel

Laurdag blei det arrangert loppemarknad på dagen og dans og basar på kvelden til inntekt for den nye fleirbruksbanen ved Sunde skule. Til saman kom det inn rundt 80.000 kroner.

DEL

Det danna seg kø utanfor gymsalen på skulen allereie før loppemarknaden opna, og inne bogna det av koppar og kar, leiker, møblar og anna spennande for dei som var interesserte i å gjera seg eit brukt-kupp. Det var også kafékrok, der Ida Bruntveit (11) og Alva Aspmo (11) selde kaffi og kaker, og ein kunne også kjøpa saft og syltetøy frå Hervik.

To som handla ivrig var venninnene Emilie Andersen Prestøy (7) og Liv Mikkelsen (5). Dei hadde fått tak i ein dinosaur-robot, dokker, dokkeseng og ein liten, gammal skulepult til dokkene, blant anna.

– Vi kunne ikkje kjøpa meir, for vi har jo romma fulle av leiker allereie, sa Emilie.

Det var første gongen dei to var på loppemarknad, og dei syntest det var mykje billig og fint å finna.

– Dei fleste leikene kosta ti kroner. Det var billig, meinte Liv.

– Eg trur denne skulepulten til dokkene er veldig gammal, den ser i alle fall sånn ut, sa Emilie.

Til saman fekk ein inn rundt 30.000 kroner på loppemarknaden.

– Vi prøvde å halda prisane nede, for å bli kvitt mest mogleg. Likevel sit vi igjen med mykje vi ikkje fekk selt. Men alt i alt er vi nøgde med det vi fekk inn, seier Anne Helen Ripel.

På kvelden var det dans og basar med åresal i Sunde båthus, der Renate Haugs stod for musikken. Alle billettane blei selt, rundt 120 stk.

– Vi fekk inn rundt 78.000 kroner, og etter at utgiftene er trekt frå sit vi att med rundt 50.000 etter basaren. Det er ein fin sum, seier Heidi Lee.

Artikkeltags