Sjå kor kjekt ungane hadde det fredag: Dansa i gang årets Sprell

03. august 2019, kl. 12:01

Med DJ, røykmaskin og sukkerspinn var det dei unge som starta SundeSprell 2019 fredag kveld. Diskoteket fann stad i Sunde båthus og det var rundt 40 barn frå fjerde til sjuande klasse som kosa seg i den varme sommarkvelden. – Dette er ungane sin kveld, fortalde Anne Brit Oscarsson.