Siste svar til Vaage-gutane

Av
DEL

MEININGAR:Eg reknar rimelegvis Lars Amund og Ivar som dugande lesarar og skribentar, betre enn meg. Men no lurer eg litt.

Dei problematiserer at eg talfestar avstanden frå busetnad til vegtraseen som berre er ei skisse. Alle avstandar eg skriv er «ca.». Hovudpoenget er at eg har jo sagt at eg kan oppklara nokre av deira mistydingar og overdrivne svartmalingar samanlikna med skissa vår. Som den at «våre hus og hytter» vert «forringa eller verdlause». Då må eg samanlikna med den vegtraseen vi reint faktisk har foreslått. Eg seier veldig klart at dette berre er ei skisse.

«Ein skulle nesten tru at det er Gaute som sit og avgjer kvar vegen blir lagt.» Hæ? Korleis i alle dagar kan de lesa ei slik haldning ut av det eg skreiv? Eg hevdar bestemt at mitt innlegg gjorde klart noko heilt anna. Andre lesarar oppmodast om å lesa innlegget mitt på nytt: Eg framheva at traséval, grunnforhandlingar og veldig mykje anna sjølvsagt skal bli gjenstand for demokratiske prosessar i ei rekkje instansar. «Lat oss vona at offentlege instansar vil vera meir lydhøyre for ulempene enn Gaute er.» Sjølvsagt vil dei vera det. Det er jobben deira, og vi har omfattande prosessar som skal ivareta dette. Men eg tykkjer jo sjølv at eg var ganske lydhøyr overfor Vaage-gutane, og vonar andre lesarar tykkjer det same. Eg tykkjer mitt svar til dei står seg godt framleis, også andsynes det siste innlegget deira.

Vi «ville ha tent på å vedgå [at dette vil øydelegga mykje verdfull natur]». Ja, men gutar: Eg skreiv jo i klartekst at «Ja, bygging av dette vil øydeleggja natur», at det er det «lite om i infoavisa», men «det må belysast etter kvart som dette skrid framover». Er ikkje dette å «vedgå»? Eg vurderer inngrepa som moderate fordi eg meiner brua er ein god ting, viss vi ikkje skal bli ein romantisk utkant i tilbakegang. Og då vil det bli nokre naturinngrep. Vi snakkar om ca. 3 km veg, delvis i tunnel, og ja, eg meiner dette er moderat. Eg har forståing for at Vaage-gutane frå sin synsstad ser ting annleis. Eg meiner at naturen og fjorden vil framleis vera vakker, med brua der. Igjen: Eg har respekt for at dei ikkje ønskjer inngrep i «sitt» område.

«Er det propagandaen som set dagsorden?» Ja, det var målet, og sidan dette er eit prosjekt som har særs brei støtte blant folk, politikarar og næringsliv så var det ikkje vidare vanskeleg.

Til slutt kjem Vaage-gutane med nokre retoriske spørsmål som kunne vore utgangspunkt for ein større diskusjon som faktisk kunne vore interessant. Dette får vi ha til gode.

Eg ser ikkje at Vaage-gutane sitt andre innlegg kom med noko nytt, anna enn feillesing og forvrengingar av det eg skreiv. Difor avsluttar eg debatten her.

Gaute Lund

Sunnfast

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags