Sunnhordland årbok 2020: Mineralutvinning og gruvedrift opp gjennom historia

Slik ser Sunnhordland årbok 2020 ut.

Slik ser Sunnhordland årbok 2020 ut. Foto:

Av

Denne gongen tek Sunnhordland årbok for seg historia om utvinning av mineralressursar i Sunnhordland.

DEL


Det er konservator ved Sunnhordland museum, Helge Pedersen som er redaktør for årets utgåve av Sunnhordland årbok. Museet har sendt ut denne pressemeldinga i samband med boklanseringa:

«Frå tverrøkser til folkets hus – menneske og mineral i 100 år» er knytt opp til Geopark Sunnhordland og vil utgjera ein del av litteraturen om Geoparken, som har mange flotte lokalitetar ein kan vitja og oppleva. I Årboka har redaksjonen valt ut nokre av desse lokalitetane og sett nærare på historia deira.

Mineralutvinning og gruvedrift har i lang tid vore ein levande del av fleire samfunn i Sunnhordland. I dag sit me att med historia. Den rike og 10.000 år gamle historia om korleis menneske i Sunnhordland har sett moglegheiter som berggrunnen har gitt, og nytta seg av desse. Øksene og verktøyet til steinaldermenneska, bakstehellene som blei hogde ut av fjellet, gulldraumen, den vakraste marmor, jern-, kopar- og kisgruver som har prega menneske og landskap i hundrevis av år. Alt er ein del av denne historia, og spora ligg der og ventar på besøk frå deg.

Kva slags menneske har utnytta geologien og naturen og skapt levebrød og rikdom av den, og kva har dei gjort med den? Kva har oppdaginga av mineral, oppbygning av kjemisk industri og teknologisk framdrift hatt å seia for dei samfunna som drifta har vore ein del av? Og korleis har sunnhordlendingen forma og blitt forma av landskapet og historia?

Desse og andre spørsmål kikkar vi nærare på, og skribentar med lokal tilknyting og solid lokalhistorisk kunnskap har bidrege med artiklar om utvalde stader. Sigmund Alsaker har bidrege med artikkel der han går inn på Bømlo som eit råstoffsenter i steinalderen, Brynjar Stautland ser i to artiklar nærare på marmordrift og jakta etter gull i Sunnhordland, Eva Røyrane har bidrege med artikkel om hellehoggarar og gruvesluskar i Ølve, Per Øyvind Østensen tek oss med inn i kisgruvedrifta på Varaldsøy og Tore Lande Moe gjer oss eit innblikk i gruvedrift på Litlabø.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken