«Fucking Åmål»: Nostalgisk for eldre, aktuell for yngre

KJENSLER: Det er sterke kjensler i spel mellom hovudrollene Agnes, spelt av Osta Maria Berg Sander (t.v), og Elin, spelt av Malin Urhaug.

KJENSLER: Det er sterke kjensler i spel mellom hovudrollene Agnes, spelt av Osta Maria Berg Sander (t.v), og Elin, spelt av Malin Urhaug.

Artikkelen er over 2 år gammel

På søndag er det duka for stykket «Fucking Åmål» på Halsnøy. Håpet til regissøren er at publikum kan kjenna seg igjen.

DEL

Sunnhordland Folkehøgskule lagar kvart år éi stor framsyning som dei viser fram på skular og til innbyggarane i Kvinnherad. I år er stykket basert på filmen «Fuck Åmål» av Lukas Moodysson.

– Dette er eit stykke eg forventar ungdom skal læra av, og kjenna seg igjen i. Handlinga går føre seg på ein liten plass, ikkje så ulik frå Kvinnherad. Eg trur det kan vera fleire her som føler det likt med karakterane, seier PR-ansvarleg for stykket, og elev ved folkehøgskulen, Camilla Trosterud.

Handlinga finn sted i eit ungdomsmiljø i ei lita bygd i Sverige på slutten av 90-talet, der sentrale tema er identitet, oppvekst og usikkerheit rundt legning.

– Blant fleire tema i stykket finn du einsemd, og utfordringa med å tore å vera deg sjølv, til prisen av den einsame kjensla, forklarar regissør og lærar ved Sunnhordland FHS, Eli Hårklau.

Elevane og lærarane har jobba intenst i to veker med stykket, for å gjera det klart til premieren på søndag, som skal gå føre seg på folkehøgskulen, og er ope for alle.

– Vi har kostymeavdeling, musikarar, scenografar og skodespelarar som har jobba i åtte timar kvar dag den siste veka, for å få alt i boks, seier Trosterud.

Trosterud og Marthe Stiegler, som også er PR-ansvarleg, håpar at sjølv om stykket er mest retta mot ungdom, er dette også noko vaksne vil setja pris på.

– Dette gjekk jo føre seg på 90-talet, så eg tenker det er fleire vaksne som vil kjenna seg igjen problemstillingane, kanskje spesielt rundt dette her med legning, seier Stiegler.

Både dei to PR-ansvarlege og Regissør Hårklau håpar dei vil bringe fram latter og nostalgi i salen. Og regissøren har også eit håp om at det vil komma nokre tårer til publikum.

– Det er ei morosam men gripande framsyning. Den er absolutt verd å få med seg, dette blir knallbra, avsluttar Hårklau.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken