Fargesprakande kunst for ungdommen

STILIG: Fleire av veggene på Husnes ungdomssenter har no fått fargerik kunst. Her ser du elevane Margeux Huelvan, og bak Petter Dahle.

STILIG: Fleire av veggene på Husnes ungdomssenter har no fått fargerik kunst. Her ser du elevane Margeux Huelvan, og bak Petter Dahle. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Elevar frå kunstlinja på Sunnhordland Folkehøgskule har dei siste to vekene dekorert keisame, kvite vegger med spennande og unik kunst.

DEL

Då Kvinnheringen var innom Husnes ungdomssenter torsdag førre veke, var elevane i ferd med å avslutta prosjektet på oppdrag frå leiinga ved ungdomssenteret. Fleire rom og flater har fått heilt unike kunstverk på veggen – av ungdom for ungdom. Lærar på kunstlinja, John Cunningham, har vore rettleiar og konsulent for elevane i prosjektet, saman med gatekunstnaren som kallar seg AFK. Cunningham og AFK har samarbeidd saman tidlegare, og er del av det same kunstnarkollektivet i Bergen.

RETTLEIAR: Lærar og gatekunstnar John Cunningham har rettleia elevane, saman med gatekunstnaren AFK. Her står John saman med elev Rebecca Faller.

RETTLEIAR: Lærar og gatekunstnar John Cunningham har rettleia elevane, saman med gatekunstnaren AFK. Her står John saman med elev Rebecca Faller. Foto:

Elevane har stått fritt i forhold til kva dei ville skapa. Teknikkane dei har brukt er stensilar og sjablongar, graffiti, og penslar rett på veggen. Nokon har også kombinert teknikkar.

Les også: Folkehøgskulen set opp framsyning i Berlin

Kvinnheringen tok ein prat med nokre elevane for å høyra om kunsten dei har laga. Rebecca Faller (19) frå Tyskland har laga eit stort veggmaleri i blå- og grøntonar, av ein kvinneskapning med gullfiskar.

– Eg likar kontrasten mellom det oransje og det blå. Eg brukte tre dagar på å skissa før eg begynte på sjølve maleriet. Det har vore intenst, men det er moro å «dykka» inn i oppgåva og jobba så fokusert.

Ein annan elev, Margeux Huelvan (18) har latt seg inspirera av gresk mytologi, og laga ein hund med tre hovud.

– Eg ville bruka sterke fargar, og ha motivet grafisk, nesten teikneserieaktig. Det er vanskeleg å jobba med veggmaleri på slike ruglete overflater. Eg har brukt både veggakrylmaling og blekk, og prosjektor på veggen for å lettare får rett proporsjonar.

Isabel Hammergren (19) og Steinar Fiva Sørensen (19) samarbeidde om å dekorera det eine spelrommet på ungdomssenteret til å sjå ut som verdsrommet, med planetar og reptil.

– Prosjektet har vore intenst, og elevane har ikkje hatt særleg god tid på seg. Mange av dei har aldri jobba med kunst i så stor skala før. I tillegg er veggene på ungdomssenteret utfordrande å jobba med, fordi overflatene er ujamne. Det er vanskeleg å få reine linjer, forklarar Cunningham.

Han fortel at elevane på folkehøgskulelinja har fått eit lite budsjett på rundt 10.000 kroner frå ungdomssenteret til jobben, til å dekka maling og reiseutgifter frå Halsnøy til Husnes, og til å leiga inn AFK som konsulent.

SPRAYBOKSAR: Petter Dahle skulle laga eit pengetre med dollarsetlar. Her øver han seg med sprayboksar.

SPRAYBOKSAR: Petter Dahle skulle laga eit pengetre med dollarsetlar. Her øver han seg med sprayboksar. Foto:

Artikkeltags