Førte båt med nesten 2,0 i promille

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein kvinnhering i slutten av 40-åra er i Sunnhordland tingrett dømd til femten dagar betinga fengsel og må betala 3.000 kroner i bot for å ha ført småbåt i rusa tilstand.

DEL

Han vart òg idømt forbod mot å føra båtførarbevispliktig båt i eitt år frå dommen er rettskraftig.

Den aktuelle båtturen fann stad i januar i fjor. Blodprøven viste ein promille på 1,93. Hadde den vore 2,0 eller meir, ville fengselsstraffa vore ubetinga. I skjerpande retning peika retten på at mannen hadde med passasjer under promillekøyringa.

I formildande retning vert det vist til at tiltalte tilstod forholda utan atterhald i retten. Då tilståingsdommen vart opplesen, erklærte tiltalte at han vedtok dommen. Rettsmøtet fann stad 7. mars.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags