«SV vil spele på lag med naturen!»

Av
DEL

MEININGAR Fredag 5. juni markerer vi verdas miljødag. Tema i år er mangfaldet i naturen. I 2019 kom FN sitt naturpanel med ein rapport som viser at naturen i verda er trua. Meir enn éin million artar står i fare for å døy ut innan 10 år. Utryddinga av artar skjer 1000 gonger raskare enn det som er naturleg. Også her i landet har fleire tusen artar hamna på raudlista, som betyr at det er risiko at for at dei kan utryddast frå Noreg.

Mange naturtypar er i fare, og med dét leveområda til planter og dyr. Berre dei siste ti åra har vi mista villmarksprega natur tilsvarande 30 fotballbanar – kvar dag. Balansen i naturen vert øydelagd.

Naturen gir oss mat og klede, luft og vatn, byggematerialar, energi og medisinar. Eit døme er biologen Jean Francois Borel som i 1969 fann ein liten sopp på Hardangervidda, som i dag er base for viktige medisinar. Biene og blomane kjenner vi òg til: Ifølgje FN sitt naturpanel risikerer vi å misse tre firedelar av matvarene våre dersom vi ikkje tek vare på pollinerande insekt. Tap av naturmangfald truar heile livsgrunnlaget vårt.

Naturen er også eit viktig verktøy i klimakampen. Naturen på land og i havet tek opp og lagrar karbon. Intakt natur fungerer også som flaumvern, fordi den tek opp mykje av flaumvatnet. Men naturen er ikkje berre nyttig. Naturen har ein eigenverdi, i eit fantastisk samspel der kvar minste art er ein viktig del av heilskapen. Og ikkje minst er naturen kjelde til oppleving og rekreasjon for oss menneske.

Årsakene til tap av naturområde og artsmangfald er mange, og det skjer smått om senn, og bit for bit. Måten vi bruker areala på, er den største trugselen mot naturmangfaldet i Norge, i tillegg til overbeskatting av artar, klimaendringar, ureining og spreiing av framande artar.

Kvar einaste dag taper naturen for økonomiske interesser. Vegbygging, hyttebygging, kraftutbygging, næringsområde og bustadbygging, moderne jordbruk, skogbruk og havbruk. Vi menneske forbruker areal i eit urovekkande tempo.

SV vil ta vare på naturen, både gjennom vern, fornuftig bruk og restaurering av øydelagd natur. Vi vil styrke det internasjonale samarbeidet for naturmangfald. Vi vil utvide verneområde, og styrke naturmangfaldlova. Vi vil stanse arealøydande motorvegprosjekt, seie nei til hyttebygging i urørt natur og vi vil la naturmangfaldomsyn vege tungt ved kraftutbygging.

Alle inngrep skjer i ein kommune. Vi vil difor at kommunane skal utarbeide arealrekneskap som viser kva naturområde som absolutt ikkje kan byggast ned, inkludert nærnatur og 100-meterskogar, som er så viktige for oss menneske. Skal kommunane klare dette, må dei ha tilsette med kompetanse. SV vil difor øyremerke midlar til dette.

Vi menneske er avhengige av naturen. Difor må vi ta vare på den, ikkje øydelegge den. 5. juni markerer vi naturmangfaldet, og lovar å gjere vårt for å stanse bit-for-bit-nedbygginga.

Hege Lægreid Røssland

Marit Teigen

Kvinnherad SV

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken