«Svar til Ove Lemicka»

Av
DEL

MEININGAR 

Me kan lesa i Kvinnheringen 22.09.2020 at Ove Lemicka og Frp ikkje har gode ynskje for koalisjonen framover. Tvert imot vonar ein at fleirtalskoalisjonen skal få så store utfordringar i samarbeidet om oppvekstkår at heile samarbeidet skal kollapsa. Det er fleire utfordringar med dette utsagnet. Fleirtalskoalisjonen er nettopp eit fleirtal valt av innbyggjarane i Kvinnherad kommune. Ein kan velja å ikkje lika dette, men det er jo ein gong slik at ein av byrdene av å leva i eit demokrati er nettopp å la folket få bestemma.

No ynskjer det folkevalde fleirtalet å sjå på oppvekstkåra til barn og unge vaksne i Kvinnherad frå 0-23 år. Dette bør ikkje vere særskild kontroversielt eller overraskande. SF gjekk til val på å minska skilnadene mellom fattig og rik og syta for god oppvekst for barn og unge i Kvinnherad. Me gjekk også til val på å få innføra heildagsskule, eit måltid på skulen og leksefri skule. For å få gjennomføra dette må me ha informasjon om korleis oppvekstkåra er i Kvinnherad per dags dato. Det er synd at oppvekstkårplanen har blitt oppfatta som noko anna enn dette. I sjølve planen kom det fram at det nettopp er store skilnadar i barn sine oppvekstkår i Kvinnherad. Særskild innan utdanningssystemet ser ein store variasjonar. Oppvekstkårplanen peikar på at ein har to løysingar på dette. Det eine er å auka budsjettet til denne sektoren, den andre er å endra strukturen i sektoren for å spara midlar. Dette er klar tale. Såklart at ein må ta dette på alvor.

Eg kjenner ikkje til om Lemicka faktisk har lese SF sitt valprogram eller den politiske plattformen fleirtalskoalisjonen no arbeider saman om, men det kjem iallfall ikkje fram i innlegget hans. SF har programfesta at skular kan leggast ned dersom det er pedagogiske og sosiale årsaker som ligg bak. Sjå der, nett som Lemicka også hevda at Frp står inne for. Med bakgrunn i programmet vårt så har SF vore opptatt av at fagmiljøet, barn og foreldre skal bli høyrt. Som eit resultat av det som kjem fram i oppvekstkårplanen var det difor viktig for SF å senda inn eit høyringsinnspel der me peika på at nettopp denne medverknaden er særskild viktig i ein eventuell strukturdebatt som det no naturleg vert. SF har ikkje sendt dette som eit avisinnlegg slik Lemicka refererer til, Kvinnheringen refererte i si sak til høyringsuttalen vår. Dersom barn og unge sine høve i Kvinnherad er så viktig for Frp slik Lemicka hevdar så vil det vera naturleg å lesa dette i deira høyringsuttale, men den har dei nok gløymt å senda inn.

Silje Hjelmeland Olsen

Kommunestyrerepresentant SF


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken