Sveitta for ei god sak medan pengane strøymde inn – sjå bildeserie
I løpet av seks timar laurdag føremiddag var medlemmar frå Kvinnherad sykkelklubb å finna i Husnes storsenter, der dei sykla til inntekt for Krafttak for kreft. Før kvelden var omme hadde dei samla inn 37.000 kroner! Seks av ni syklistar nådde målet om 200 kilometer, medan dei siste tre klarte 185. – Veldig bra jobba av alle saman, rosar Vegar Saghaug, ein av initiativtakarane.
Du har nå sett Sveitta for ei god sak medan pengane strøymde inn – sjå bildeserie