- Ser noko for godt ut til å vera sant, så er det som regel det

Denne SMS-en kom til ein av Kvinnheringen sine lesarar nyleg, og lesaren mistenker at det handlar om eit svindelforsøk.

Denne SMS-en kom til ein av Kvinnheringen sine lesarar nyleg, og lesaren mistenker at det handlar om eit svindelforsøk. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein lesar sendte oss nyleg tips om ein SMS som såg ut som den kom frå CoinDesk, ein nettstad som har spesialisert seg på bitcoins og andre digitale betalingsformer. I SMS-n står det at mottakaren har bitcoins til gode, og at desse kan løysast ut via ein vedlagt link. Denne mottakaren lukta lunta med det same, og unngikk difor det som høgst truleg er eit svindelforsøk. Lesaren vil elles åtvara andre òg mot å klikka på linken, og viser til at SMS-en er omtalt som svindel i andre medium. Politibetjent Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor kan ikkje kommentera denne konkrete SMS-en då han ikkje har sett den, men seier at svindelforsøk på denne måten er blitt vanleg.

– Ser noko for godt ut til å vera sant, så er det som regel det. Det er svært sjeldan nokon ønskjer å gi deg store pengebeløp, så eg vil oppmoda til at ein er svært skeptisk til slike «tilbod» som plutseleg dukkar opp.

Mange har nok opplevd å få e-postar eller SMS-ar som ser ut som dei kjem frå DNB, Telenor, Netflix eller andre kjente tenesteleverandørar, og som i somme tilfelle ser såpass reelle ut at det er vanskeleg å skilja dei frå ekte vare.

– Det sit folk og brukar tid på å laga til desse svindelforsøka, og til å få dei til å sjå så ekte ut som mogleg. Difor kan det vera lett å gå i fella om ein ikkje er skeptisk.

– Kva vil desse svindlarane oppnå?

– Dei ønskjer å få tak i personleg informasjon eller kredittkortinformasjon gjennom å koma seg inn på telefonen eller pc-en til folk, forklarer Fosse.

– Har de hatt saker her lokalt på folk som har blitt svindla?

– Ja, det skjer stadig vekk. Nokon opplever svindel etter kortbruk i utlandet, andre etter til dømes handel på internett. Folk blir svindla for alt frå nokre få 100-lappar til femsifra beløp. Størstedelen av vinningskriminaliteten i dag skjer på internett, men det er ein del ting ein kan gjera sjølv for å minimera sjansane. Éin viktig ting er dette med sikker pålogging, og ein annan ting er å sjekka nøye opp i at dei nettstadane ein legg igjen pengar på er seriøse, rår Fosse.

Artikkeltags