Gode prestasjonar av svømmarane frå Trio

Dei dyktige svømmarane samla i Haugesund.(Foto: Therese Gudding).

Dei dyktige svømmarane samla i Haugesund.(Foto: Therese Gudding).

Artikkelen er over 1 år gammel

I helga var nokre av Trio sine svømmarar på to dagars stemne i Haugesund.

DEL

På stemnet imponerte dei alle saman med fantastiske rekordar på så å seia alt dei svømte, dette berre to månader etter at same gjengen imponerte stort på stemne i Bergen. Ein har ein gjeng som prøver å kvalifisere seg til LANØ 2019. Der må dei å svømma fem øvingar og sanka poeng på ulike stemne. Øvingane er 100 meter butterfly, 200 meter rygg, 200 meter bryst, 200 meter medley og 400 meter crawl. På stemnet i helga skulle gjengen frå Trio prøva å koma seg inn blant dei 25 beste i landet i nokre av desse øvingane.

Då stemnet begynte var det nokre nervar ute og gjekk, men dette vart fort gløymt då dei begynte å konkurrera, og den eine etter den andre svømte inn til nye store personlege rekordar. Didrik Gudding og Andri Sigthorsson var dei som kom lengst opp på listene då dei hamna frå fire til 25 på topp 100 plasseringar i heile landet på fleire distanser. Det er desse to som markerer seg best ute blant svømmeklubbane i Hordaland og Rogaland, og som regel hamnar dei på 1. eller 2. plass. På dette stemnet tok Andri med seg fire gull og éin sølvmedalje, og Didrik tok med seg eitt gull og fire sølvmedaljar. Ellinor Thomas Isaac tok ein fin sølvmedalje på 200 meter bryst, etter veldig god og fin svømming. Ho sette òg personlege rekordar på fire av seks distansar. Johannes Røssland svømte seks distanser og han greidde å persa på alle, samt at han fekk seg ein gullmedalje på 100 meter bryst. Ida Helen Gudding svømte fire distanser og persa på alle fire og tok sølv på 100 meter crawl på imponerande 1 minutt og 9 sekund. Brynjar Vigrestad svømte også seks distanser og han persa på alle med fleire imponerande tider, mellom anna med 01.03,81 på 100 meter crawl. Ellen Marie Vigrestad svømte inn til personlege rekordar på to av sine distansar, og har vist stor framgang den siste tida. Dei minste vi hadde med var 08-modellane, og dei greidde seg bra denne gongen også. Vi fekk berre éi diskvalifisering på dei 10 svømte distansane. Dei tre yngste, Ellamilie Gudding, Turid Helen Vigrestad og Heida Sigthorsdottir imponerte og svømte inn til nye rekordar på alt dei svømte. Vi hadde òg med oss to som ikkje har vore med og svømt på stemne før, og som debuterte her. Det var Dankert Andre Lee og Elhab Thomas Isaacø. Dei greidde seg utruleg bra, og ingen av dei blei diska. Neste stemne blir ADO Arena i Bergen 22.–25. juni. Dette er ein tredagars cup med finalar i alle heat. Det blir svømt i 50 meters basseng og 10 svømmarar konkurrerer mot kvarandre i kvart heat. Dette er det største stemnet på Vestlandet, og her kjem det til å bli tøft å kjempa om topp-plassane.

Ronny Gudding, Therese Gudding og Roald Vigrestad,

svært stolte trenarar for alle Trio-svømmarane

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags