Startar sykkelverkstad på Sunde

VELLO-NOSTALGI: Gamle syklar blir som nye hos Alf Steinsvik på Sunde, her med ein Vello-sykkel (ein DBS-variant frå Jonas Øglænd som vart seld frå samvirkelaga). Heilt til venstre ser me litt av hunden Luna.

VELLO-NOSTALGI: Gamle syklar blir som nye hos Alf Steinsvik på Sunde, her med ein Vello-sykkel (ein DBS-variant frå Jonas Øglænd som vart seld frå samvirkelaga). Heilt til venstre ser me litt av hunden Luna.

Laurdag opnar Alf Steinsvik (53) dørene i Steinsvik sykkelverksted midt i Sunde sentrum.

DEL

Mange kjenner Steinsvik frå fulltidsjobben han har som feiar. Den trivelege bergensaren som har slått seg ned på Sunde, jobbar først og fremst som feiar for firmaet Klima & miljøteknikk. For eit års tid sidan overtok dette firmaet den feiinga som tidlegare vart utført av Tore Furnes.

– Feiinga er fulltidsjobb, men eg har ein grei arbeidsgivar og kan jobba fleksibelt. Dermed jobbar eg lange dagar nokre periodar, og har meir fritid i andre. Sykkelrepareringa blir uansett på si, forklarar Steinsvik.

Med sykkelverkstaden i huset han bur i og eig sjølv, blir det lite økonomisk press på Steinsvik sykkelverksted frå husverten si side. Og med kort veg til ekstrajobben (ein etasje), vil han nytta kveldar og helger til sykkelreparasjonar.

– Eg kjøpte huset i fjor haust. Sykkelverkstad har eg hatt planar om i fleire år, rett nok ikkje i Kvinnherad, men no opna denne sjansen seg, smiler Steinsvik og viser rundt i sykkelverkstaden.

Han hevdar å vera fødd 30 år for seint, synest det er for gale at fullt brukande syklar blir kasta og likar å reparera saker og ting. I starten satsar han på at kundane kjem til verkstaden, men etter kvart vurderer han å også henta og bringa syklar til og frå reparasjon.

– Som feiar snakkar eg med mange folk, og dermed veit eg at det er mange som ønskjer hjelp til å få reparert syklane sine, seier Steinsvik.

Meir liv på Sunde

Sentralt plassert, med Standard'n som ein av dei næraste naboane, har Steinsvik alt gledd mange Sunde-nostalgikarar etter at sykkelverkstad-skiltet kom opp. Alle som hugsar tida då Sunde var handlesentrumet i Kvinnherad, gler seg over ei nyetablering som denne. Steinsvik likar tradisjonar og lokalhistorie, og har til dømes fått med seg Merethe Offerdal sine filmsnuttar om den gong då.

– Det er kjekt å vera med på å skapa aktivitet her, seier Steinsvik.

I tillegg til sykkelreparasjonar, har han også elektriske idear:

– Eg har tenkt å ta imot alle typar syklar som treng reparasjon, og i tillegg kan eg ta på meg å gjera om vanlege syklar til el-syklar, smiler Steinsvik.

Forretningsideen hans inkluderer så langt ikkje sal av nye syklar, men brukte syklar vil dukka opp for sal.

Og han har svar når Kvinnheringen lurer på korleis han vil løysa utfordringa med å få tak i delar til alle slags syklar.

– Nei, det går ikkje an å ha delelager sjølv. Men det finst eit delelager på Austlandet som har det aller meste og som er raske på labben. Dermed går det berre nokre dagar før eg får delane tilsendt, forklarar Steinsvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags