Flandern Rundt neste helg er ein av klassikarane i sykkelsporten ,eit eindagsritt som går i ein belgisk provins frå Brugge til Ninove. Denne gongen er Uskedalen og Kvinnherad representert, med Per Korsvoll. Han drar saman med ein Bergensgjeng, og presiserer at han ikkje har så store ambisjonar. H har heller ingen karriere bak seg. Det var fyrst som 25-åring i Omvikdalen at han tok til å sykla for alvor, men no er han ikkje framand for tanken om ei viss satsing på sporten i Uskedalen, der han har budd i to år. Flandern Rundt er nok ingen spøk, ikkje minst er rittet krevjande på grunn av alle brusteinane. Per driv både med terrengsykling og landevegssykling, står det å lesa på Uskedalen.no.
Uskedeling deltar på Flandern Rundt
Artikkelen er over 7 år gammel
Amatørsyklist Per Korsvoll (42) frå Uskedalen skal delta på Flandern Rundt neste helg.