Har begynt med svømmeopplæring og vasstilvenning

Av
DEL

«Åååå, eg kjenner bassenglukta heilt inn i garderoben!» seier ein med stjerner i augo. Når alle er i bassenget har vi oppvarming, og plaskar med beina så vatnet sprutar nesten i taket. I dag vil alle prøva å dukka under, og vi jublar heile gjengen når alle sprett opp frå vatnet etter å ha vore under med munn, nase og auger. «Meistring – tryggleik – utvikling – leik».

I Undarheim barnehage har vi starta med byrjande symjeopp-læring/vasstilvenning med skulekameratane våre. Vi søkte fylkesmannen om midlar, og fekk tildelt for dei eldste dette året. Kvinnherad kommune er ein kommune omgitt av sjø og vatn, og vi ser på det som særs viktig at barn får tilgang til basseng for å kunna førebyggja drukningsulykker og for at barna skal bli symjedyktige.

Vårt fokus er vasstilvenning, at barna får bli kjent med korleis kroppen fungerer i vatn, kva vi kan gjera for å prøva å flyta, og få vatn i fjeset utan at ein blir redd.

Det å kjenna korleis det er å hoppa uti og komma seg opp til overflata igjen, leik og alvor på same tid. Respekt for vatn er viktig – og det er like viktig å kunne vera i vatn utan å få panikk. Vi veit at nokre barn er i basseng og sjø saman med foreldre og familie, men at det ikkje er alle som har desse moglegheitene. Difor ynskjer vi å ha dette tilbodet i barnehagen, og gi barna gode og viktige opplevingar i bassenget. Vi nyttar varmebassenget éin gong i veka. Det er tydeleg at barna kosar seg denne stunda, og vi ser at dei vert tryggare i bassenget for kvar gong! Vi gler oss over å ha bassenget så nært, og set pris på at vi kan nytta resurssene rundt oss.

Silje Øye

Undarheim barnehage


Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags