Får ikkje treningstid til småbarnssymjing i varmebassenget

Husnes Svømmeklubb har gjentekne gonger prøvd å få svar på når den kan få treningstider i varmebassenget på Husnes til småbarnssymjing, utan å få noko avklaring. Her frå september i fjor, då Anita Kronstad Grude (i midten) dreiv Svømmeklubben FLYT – eit populært tilbod. (Arkivfoto).

Husnes Svømmeklubb har gjentekne gonger prøvd å få svar på når den kan få treningstider i varmebassenget på Husnes til småbarnssymjing, utan å få noko avklaring. Her frå september i fjor, då Anita Kronstad Grude (i midten) dreiv Svømmeklubben FLYT – eit populært tilbod. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Nystarta Husnes Svømmeklubb ønskjer å driva med symjeopplæring for barn frå 0 til 6 år, men får ikkje svar frå kommunen på når dei kan få treningstid i varmebassenget på Husnes.

DEL

I september i fjor skreiv Kvinnheringen om Anita Kronstad Grude som starta enkeltpersonføretak for å driva med symjeopplæring for foreldre og barn gjennom «Svømmegruppa FLYT». Då var foreldra med på å betala leiga av varmebassenget, 82.000 kroner for ni månader (september til november, og januar til juni).

– Eg ville ikkje at dette berre skulle vera eit tilbod for foreldra som hadde råd til det, og starta derfor Husnes Svømmeklubb i staden, ein frivillig organisasjon med eige styre. No har eg også med meg tre andre instruktørar. I retningslinjene for bassenga i kommunen står det at frivillige klubbar og lag med medlemsmasse under 19 år får leiga basseng gratis, og eg forventa derfor lik behandling som dei andre idrettslaga, men får ikkje svar frå kommunen på når vi kan få treningstider, forklarar Grude.

Ho har sendt fleire førespurnader til kommunen og rådmannen, utan å få ei avklaring. Det betyr at tilbodet om småbarnssymjing nett no ikkje er operativt. I brevet til rådmannen skriv ho at det ikkje er andre symjegrupper eller klubbar i kommunen som har eit tilbod til barn under seks år, og at Husnes Svømmeklubb ikkje har råd til å betala nærmare 100.000 kroner i leige for varmebassenget årleg. Grude peikar også på at Kvinnherad er ein kommune med mykje vatn, og at det dei siste tre åra har vore mange hundre drukningsulukker i Norge.

– Den beste måten å få ned tala på er meir aktiv symjeundervisning. Barna må tidleg bli trygge i vatn for å kunna læra seg å komma seg i land i staden for å få panikk. Dette er den raude tråden gjennom all symjeundervisning Husnes Svømmeklubb driv med, skriv ho vidare i brevet.

Ho legg også til at viss klubben får bruka varmebassenget gratis til sine medlem under 18 år, er klubben også klar for å gi tilbake til kommunen ved å gå inn og tilby gratis vasstilvenning eller symjekurs til barneskulebarn i haust- eller vinterferien i skulebassenget på dagtid/ettermiddag.

– Etter kvart vil vi òg tilby dette i starten og slutten av skuleåret. Og ledige plassar på kursa i varmebassenget blir tilbydd barnevernstenesta og flyktningetenesta, skriv Grude.

Spør ordføraren

Hilde Enstad (Ap) har no engasjert seg i saka. Ho er leiar for idrettsrådet i Kvinnherad.

– Vi har ikkje andre slike tilbod i Kvinnherad, og må derfor leggja til rette for det. Symjeopplæring er svært viktig, og det vil vera ein stor fordel for Kvinnherad på sikt at mange små er vande med vatn og kanskje kan symja før dei begynner på skulen. Eg tenkjer at denne symjeklubben må få treningstider i varmebassenget fordi brukargruppa er så spesiell. Bassenget skal jo haldast varmt heile døgeret uansett, og derfor ser eg ikkje problemet, seier Enstad til Kvinnheringen.

Ho viser til at ho har inntrykk av at symjegruppene har hatt litt vanskelege kår i Kvinnherad tidlegare. I førre periode hadde ho ein interpellasjon om at Trio måtte få trena lenger, og at bassenga måtte vera opne i skuleferiane sjølv om skulane ikkje brukte bassenget. Ho nemner også at partikollega Nikolai Rørdal stilte spørsmål om treningstider i varmebassenget i vår, utan å få eit godt svar.

– Når det kjem til symjing er mengdetrening viktig. Anita Kronstad Grude har ein pasjon for dette med symjeopplæring for barn, og eg forstår ikkje kvifor det skal vera så vanskeleg å leggja til rette for frivillige.

Enstad har no sendt spørsmål til ordføraren som ho forventar å få svar på på kommunestyremøtet førstkommande torsdag:

– Kvifor får ikkje nystarta Husnes Svømmeklubb trena i kommunalt basseng på like vilkår som andre idrettslag som tilbyr symjeopplæring, -trening og vasstilvenning?

– Har ordføraren forståing for at babyar og små førskuleborn treng å trena under spesielle tilhøve som for eksempel i terapibassenget på Husnes?

Korleis kan ordføraren vera med og leggja til rette for at Husnes Svømmeklubb kan komma i gang med trening?

– Kvinnherad kan bruka eit slikt tilbod i marknadsføring i samband med «kom-heim»-arrangement og liknande arrangement retta mot unge og barnefamiliar. Korleis ser ordføraren for seg at ein i dialog med Husnes Svømmeklubb og idretten forøvrig kan bruka det mangfaldige tilbodet som del av marknadsføring av kommunen vår?

Artikkeltags