Fine resultat på stemne i Haugesund

Søskena Didrik og Ida Helen Gudding (t.h.) deltok saman med Ellinor Isaac på svømmestemne i Haraldshallen i helga, og fekk med seg fine medaljar heim. (Foto: Privat).

Søskena Didrik og Ida Helen Gudding (t.h.) deltok saman med Ellinor Isaac på svømmestemne i Haraldshallen i helga, og fekk med seg fine medaljar heim. (Foto: Privat).

Av
DEL

Laurdag og søndag 2. og 3. februar deltok dei tre Husnes-ungdommane Didrik Gudding, og Ida Helen Gudding og Ellinor Isaac på eit to dagars svømmestemne i Haraldshallen arrangert av Haugesund svømmeklubb. Dei tre svømmer for Stord svømmeklubb. Dette stemnet plar å ha mange deltakarar, men på grunn av mange andre stemne dei siste vekene var det ein del klubbar som ikkje kunne delta. Likevel var rundt 120 svømmarar med for å kjempa om nye rekordar denne helga.

Ida Helen (15) og Didrik (13) skulle svømma kvar sin 800 meter crawl på dette stemnet for første gong i ein konkurranse, og det gjekk strålande. Begge fekk 1. plass i kvar sin klasse. Ida Helen svømte inn til tida 11.57.90 og Didrik til tida 10.00.31.

Dei konkurrerte i totalt 15 øvingar samt nokre stafettar, og dette gav dei totalt ni 1. plassar og tre 2. plassar. Didrik tok fem gull og éin sølvmedalje, Ida Helen tok to gull, og Ellinor tok to gull på dette stemnet. Ida Helen kunne også fått gull og 1. plass på 50 meter bryst, der ho persa stort med tida 39.5, men her var det ein dommar som ikkje forstod vendemåten med motsett arm, og som derfor diska Ida Helen.

Neste stemne blir no LÅMØ 2019 som blir arrangert på Karmøy i midten av mars, og her er det berre Didrik som har kvalifisert seg. Der skal han prøva å kvalifisera seg til ÅM 2019 (årsklassemeisterskapen) i Klepphallen i veke 23 eller 24.

Resultat:

Didrik Gudding 05

800 Fri – 10.00,31 (Pers)

400 Fri – 4.45,31 (Pers)

200 Fri – 2.14,57

100 Fri – 1.01,67

50 Fly – 31,39

200 Bryst – 3.20,08 (Pers)

2 stafett


Ida Helen Gudding 04

50 Bryst – 39,5 (Pers)

100 Fri – 1.07,83 (Pers)

50 Fly – 36,20

800 Fri – 11.57,90

50 Fri – 30,76

2 Stafett


Ellinor Isaac 05

50 Bryst – 41,32

200 Rygg – 3.05,76 (Pers)

100 Bryst – 1.35,20

50 Rygg – 40,27

2 stafett

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags