Gå til sidens hovedinnhold

Synne (21) gler seg over at ballen rullar igjen, men éin ting irriterer Åsane-spelaren frå Halsnøy

– Det er utruleg deilig, fortel høgrekanten frå Halsnøy om seriespelet som er i gang på tilnærma normalt vis igjen.

Synne Eide Bjørnebøle gler seg stort over å spela teljande fotballkampar igjen. Åsane har rokke å spelt to seriekampar i 1. divisjon for kvinner.

Etter ein kollaps i første seriekamp mot Hønefoss (0–4-tap borte), reiste oransjetrøyene seg mot seriefavoritt Røa laurdag. Heimeoppgjeret mot austlendingane enda 2–2.

– I første kamp var vi ikkje på. Mot Røa møtte vi eit betre lag. Men vi hadde mykje vi ville bevisa, og vi trengde det poenget, fortel Synne til Kvinnheringen.

Saka held fram under.

Komande søndag møter Synne & co. Øvrevoll Hosle borte.

– Det har vore veldig godt å komma i gang igjen. Vi går for tre poeng. Eg håpar det losna litt i førre kamp, men det er ingen enkel motstand i denne serien, fortel høgrekanten.

På hausten i fjor fekk dei spela ein heil sesong pressa inn på ein halv. Åsane har som mål å gjera det betre enn 5. plassen frå då.

– Det er uansett utruleg deilig å spela fotball igjen. Det har eg lengta etter. No må det snart vera breiddefotballen sin tur! seier Bjørnebøle, som elles studerer økonomi og administrasjon i Bergen.

Sjå Øvrevoll Hosle–Åsane her søndag klokka 14:00! (+)

Les også

Synne (21) spelar fotball i 1. divisjon, men trur ikkje ho vil få sjansen til å leva av sporten fullt ut: – Idretten har langt igjen å gå

Les også

Tina (23) krona debutsesongen i Tyskland med seriegull: – Eg er veldig stolt

Les også

Daniel (18) frå Husnes har eit viktig og vanskeleg val å ta: Har fått tilbod om draumestipend i California

Kommentarer til denne saken