Synnøve Solbakken tidleg ute

Artikkelen er over 2 år gammel

Berre 16 år gamal var Synnøve Solbakken sterkt delaktig i å etablera det første fritidssenteret for ungdom på Husnes.

DEL

FRÅ ARKIVET TIL KVINNHERINGEN Det ser ut til at Solbakken heilt frå ungdomen har engasjert seg i samfunnet kring seg. Klippet denne gongen er frå 15. august 1973 og dreier seg om då ho etablerte fritidssenter saman med eit knippe andre ungdomar frå Husnes.

– På den tida vaks Husnes fort og ungdomane hadde behov for ein plass å samlast. Det var kjekt å bidra til det, fortel ho frå den gongen for 44 år sidan.

I avisa kunne vi lesa at ein fin dugnadsgjeng hadde brukt 800 timar og 2.000 kroner på å pussa opp det gamle «Kitty-huset» på Risnes. Det stod stor respekt av alt det ungdomane fekk gjort med huset for små midlar. Forutan Solbakken sat desse i styret for huset: Einar Andersen, Roger Fossum, Torill Andersen og Jan Edvin Nilsen.

Torsdag 9. august i 1973 var det offisiell opninga med mellom andre ordførar Jens Arnesen (H) og rådmann Peder Totland til stades.

– Åh, det var ei fin tid. I huset hadde vi kiosk, dans, spel og masse musikk. Creedence, Pink Floyd, Beatles, Elvis, eg høyrer musikken i hovudet mitt berre eg tenkjer på det, mimrar ho bevega og legg til:

– Det aller viktigaste var likevel at dette var ein stad å bli kjent med andre ungdomar på Husnes.

– Heldt de på lenge?

– Eg hugsar ikkje nøyaktig kor lenge, men vi heldt det gåande nokre år. I alle fall så lenge at andre tilbod vart etablerte på Husnes. Eg hugsar vi også kalla «Kitty-huset» for «boogie-huset» etter musikken vi spelte, kjem ho på.

Solbakken var også aktiv i idrettsmiljøet, både med handball og volleyball. Mor vart ho alt i 1974. Dermed fekk ho litt anna å tenkja på enn fritidssenteret og idretten.

– Etter at eldstesonen vart fødd var eg litt mindre med i det som skjedde rundt meg, men eg sleppte ikkje heilt taket i det heller.

– Trefte du mannen din på fritidssenteret?

– Nei, han møtte eg på hotellet, men han var ein av tilflyttarane og også ein del av miljøet i «Kitty-huset», fortel ho om Svein Einan, som ho framleis held saman med.

– Fritidssenteret låg på ein nydeleg plass, seier ho plutseleg.

Opprippinga har tydelegvis ført henne inn i det romantiske hjørnet.

Artikkeltags