– Vi har fått melding om at eit blikktak har blåst av eit bygg. Det er kraftig vind i området, skriv 110 Hordaland på Twitter klokka 21:03.

Vest politidistrikt melder like etterpå at det er delar av taket til eit næringsbygg, og at brannvesenet er på staden. Ingen skal vera skadd.

– Vi ønskjer å be naboar i området halda seg inne og vekke frå vindaugo. Delar av takkonstruksjonen og platene har losna. Det kan vera farleg å opphalda seg i nærleiken, seier brannsjef i Kvinnherad brann og redning, Atle Josdal, til Kvinnheringen.

Av omsyn til mannskapet sin tryggleik, får ikkje brannvesenet gjort noko meir på staden førebels.

– Delar frå taket heng i trea, skriv 110 Hordaland på Twitter.