Tall Ships-skuter var innom Rosendal

SKUTETREFF: "Statsaad Lemkuhl" hadde allereie ankra opp då "Atene" segla inn til Rosendal fredag kveld.

SKUTETREFF: "Statsaad Lemkuhl" hadde allereie ankra opp då "Atene" segla inn til Rosendal fredag kveld.

På seglasen mot The Tall Ships Races i Bergen la ein del skuter turen innom Rosendal. Nokre skip avlyste, andre kom ekstra.

DEL

– Det var totalt 9 seglskuter som kom til Rosendal, inkludert «Statsraad Lehmkuhl». Skutene kom spreidde utover heile førre veka, seier Jostein Nerhus, ved Rosendal Hamn og koordinator for «Cruise in Company» i Rosendal.

Han fortel at skipa «Lord Nelson» og «Alexander von Humbolt II» kansellerte, og at mannskapet på skutene som kom heldt seg mykje i båtane.

– Men Statsraaden hadde fredag kveld ei høglydt songøving for heile bygda. Då hang der folk i alle master og bommar, seier Nerhus og forklarar at mannskapet øvde på sjømannsongar til framføringa under innseglinga til Bergen søndag.

Nerhus fortel at det ikkje var veldig mykje folk som tok turen for å sjå på skipa, men at svenske «Atene» som låg til kais drog ein del folk.

– Andre «Cruise in company»-hamner hadde laga dette til større arrangement, med til dømes turar på fjorden. Her i Rosendal var det ikkje noko vertskap på land.

På spørsmål om Rosendal Hamn vil vera «Cruise in company»-hamn ved eit seinare høve svarar Nerhus at det er noko som ein må sjå på dersom førespurnaden kjem.

VIND I SEGLA: Svenske «Atene» segla inn til Rosendal hamn fredag kveld.

VIND I SEGLA: Svenske «Atene» segla inn til Rosendal hamn fredag kveld.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags